The Wayfaring Stranger

The Wayfaring Stranger
Song
Sjanger USA-amerikansk folkemusikk
Låtskrivar(ar) ukjend

«The Wayfaring Stranger» (òg kjend som «Poor Wayfaring Stranger» eller «I Am a Poor Wayfaring Stranger»), Roud 3339, er ein kjend USA-amerikansk folke- og gospelsong, som truleg oppstod på 1800-talet[1] om ei enkel sjel på reise gjennom livet. Som med dei fleste folkevisene finst det mange variantar av teksten.

I følgje boka The Makers of the Sacred Harp av David Warren Steel og Richard H. Hulan, vart teksten publisert i 1858 i Bever's Christian Songster. Dette kna ha vore første gongen songen var på trykk på engelsk. Steel og Hulan meiner at songen kan ha kome frå den tyskspråklege salmen «Ich bin ein Gast auf Erden» av Isaac Niswander frå 1816.[2]

Under og i fleire år etter den amerikanske borgarkrigen var teksten kjend som «Libby Prison Hymn».[3] Dette kom av at teksten var rissa inn veggen av ein døyande Union-soldat som sat i Libby Prison, eit frykta sørstatsfengsel i Richmond i Virginia. Det vart trudd at den døyande soldatane hadde skrive songen sjølv for å trøyste ein annan soldat, men sidan songen vart publisert fleire år før borgarkrigen byrja (og før Libby Prison fanst), var ikkje dette tilfelle.

Medlemmar av Western Writers of America valde ut songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.[4]

  1. Norman Cazden, Herbert Haufrecht, Norman Studer. Folk Songs of the Catskills. SUNY Press, 1982. 292-94. ISBN 0-87395-581-1
  2. Steel, David Warren; Hulan, Richard H. (2010), The Makers of the Sacred Harp, University of Illinois Press, s. 234 .
  3. «The Libby Prison hymn». Brown University Library. Henta 15. november 2020. 
  4. «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Western Writers of America. 2010. Arkivert frå originalen 10. august 2014. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy